

1.Korleis vurderer du oppsettinga på Rogaland teater?
Når eg kom inn døra på Rogaland teater, hadde eg store forventningar og eg såg frem til å sette meg ned i dei raude stolane å nyte forstillinga. Men eg må innrømme at eg vart litt skuffa. Sjølve stykket var litt merkeleg, og det var vanskeleg å forstå heilt kva som var handlinga til tider. Eg synest at det blei litt for mykje song og dikt- lesing. Eg sakna vanlege dialogar mellom skodespelarane, da eg trur det hadde gjort forstillinga meir interessant og enklare å fylgje med på.
Stolane som vart brukt i stykket, var ein spesiell effekt. Eg forsto ikkje alltid heilt kva dei vart brukt til heile tida, men likevel likte eg måten det forma skodespillet på. Det kunne gjerne vært brukt meir rekvisittar, da det vart litt einsforma med berre stolar.
Skodespelarane var utroleg gode. Eg vart mektig imponert over at dei hugsa alle dei dikta. Det er jo gammal norsk, så det gjer at samanhengen mellom setningane blir vanskelegare å forstå. Skuleelevar hadde nok satt meir pris på om diktet var på dialekt eller ”dagens norsk”. Da hadde det kanskje vore enklare å forstå handlinga også.
Eg synest at dramaet var tilpassa ein litt annleis målgruppe enn vidaregåande skuleelevar. Eg trur at det er meir eit drama stykket for dei spesielt interesserte. Eg trur ikkje så mange på min alder likte stykket, da det vart for vanskeleg å forstå. Humoren som vart brukt, var nok det einaste som fanga elevane sin oppmerksam.
2.I kva grad synest du forarbeidet vi gjorde var nyttig for opplevinga av dramaet?
Det var utroleg bra at vi gjekk igjennom forteljinga om Haugtussa på forhand. Utan den informasjonen vi fekk av Arne Reidar og dei diskusjonane vi gjorde saman i klassen, hadde det vore vanskeleg å forstå handlinga. Ved at vi gjorde både praktisk og teoretisk forarbeid med stykket, forsto vi meir av det som forgjekk på scena.
Så forarbeidet var absolutt viktig, meinar eg!
3.I kva grad meiner du Haugtussa og tematikken (sjå ovanfor) er relevant for ungdom i dag?
Eg synest det er vanskeleg å sjå så mange samanhenger mellom Haugtussa og dagens ungdom. Haugtussa vart skreve i ein annen tid, men likevel kan bodskapen også bety noko for oss i dag. Eg meinar at Haugtussa er ein forteljing om ein jente som tørr å skilja seg ut, ho tørr å vere annleis enn alle andre. Ho er bestemt i det ho trur på, og bryr seg lite om samfunnet rundt. Kanskje det er eit bodskap til dagens ungdom, da vi må tørre å gå vår egen veg. Det er viktig å vere den man er, og ikkje bare følgje straumen. Så sånn sett er stykke relevant for ungdom i dag.