tirsdag 5. oktober 2010

Håvamål



Strofe 76:

Døyr fe;
døyr frendar,
døyr sjølv det same.
Men ordet um deg
aldri døyr
vinn du eit gjetord gjævt.

Ein refleksjon av strofa: I korleis grad er visdommen i ”Håvamål” aktuell i dag?

Fyrst og fremst må eg forklara kva denne strofa handlar om. Strofe 76, handlar om at alt er forgjengeleg. Alle menneske døyr ein gong, og når ein døyr er det ikkje så mykje meir på jorda vi kan gjere, og mange trur kanskje at man blir gløymt. Men det er ikkje sant. Korleis du var som person, kva du gjorde og korleis du oppføra deg, det lever vidare. Så det er derfor best at du blir hugsa for alt det gode du gjorde, og ikkje det dårlege. Når eg døyr, ønske eg at alle skal forbinde meg med noko godt, og at folk vil sakna meg for den personen som eg var mens eg levde.

For mange år sidan, då Håvamål - strofene blei skrivne var det veldig viktig at ein vart hugsa av andre, da levde ein vidare. Er denne visdommen noko som framleis er aktuell i dag? Ønskjer vi å bli hugsa av andre? Eg meiner at denne strofa er aktuell i dagens samfunn. Sjølv om vi døyr, så vil vi alltid bli hugsa for den personen som vi var mens vi levde. Uansett om vi vil eller ikkje.

Michael Jackson er nå dø, men han er ei godt eksempel på ein person som vil bli hugsa i lang tid. Mens han levde på jorda, gjorde han mykje bra som verda la merke til. Hans spor vil ikkje forsvinne. Michael Jackson vil alltid bu i våre hjarter.

Det er derfor viktig å hugse på at alt det du gjer mens du leve, har betyding for korleis du blir hugsa som person. Så dagens bodskap: Gjer gode handlingar mot andre, og du vil bli hugsa for det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar